lørdag 24. september 2016

Jihadisme og høyreekstremisme - to sider av samme sak

Dei to sidene i ung ekstremisme i Noreg er gjensidig forsterkande spiralar av radikalisering, skriver Dag og Tid om Viggo Vestels nye bok:

Kjensla av oppløysing av det trygge skaper angst og tapsoppleving. Den framande kroppen vert ein oppsamlingsstad for symbol og teikn på skilnader mellom folk og får såleis lett stå som merket på det farlege, det trugande. Kompenseringa er å knyte seg til retningar der ein får kjensla av å ha tilgang til innsikter ingen andre skjønar, og får meistringskjensle av denne evna til å avsløre løynde samanhengar. Informantane kjenner seg ofte på kanten av eit inferno. Somme er mildare i ytre framtoning enn i indre samvære og språkbruk. Dette har «dei høgreekstreme» til felles med islamistiske miljø. Islam Net og Profetens Ummah er også fulle av angst, men har funne løysinga på alle utfordringar i religiøs sæle og trua på at islam erobrar verda, kan hende også ei endetidsforventning.

Ingen kommentarer: