onsdag 29. august 2012

- Ikke kristen nok

Etter åtte år på Bømlo fekk afghanske Ali Mosavi ei sjokkmelding: Du kan ikkje vere kristen fordi du har gifta deg med ei muslimsk kvinne. Du må ut av Noreg.

Etter fleire års kamp vart han til slutt trudd av Utlendingsnemnda i 2008 på at han hadde konvertert til kristendomen etter at han kom til Noreg. I vedtaket sa UNE at han hadde «gitt en plausibel forklaring på den prosessen som har ledet fram til at han ble en kristen og lot seg døpe».

Gifta seg. starta etter at han i 2008 gifta seg i Pakistan med ei afghansk kvinne som han kjende frå barndomen heime i Afghanistan. Giftarmålet kom i stand via ein kamerat av Mosavi. 

I februar 2010 trekte Utlendingsdirektoratet (UDI) attende opphaldsløyvet etter at han hadde søkt om familiegjenforeining fordi konverteringa ikkje framstår som reell. Mosavi klaga og møtte til nemndmøte i UNE i mars i år. Eit fleirtal på to av tre nemndmedlemer gav han avslag.

Dei viser til at ei muslimsk kvinne i Afghanistan ikkje kan inngå ekteskap med ein kristen mann. Dei festar ikkje lit til Mosavis forklaring på korleis dei kunne inngå ekteskap «på muslimsk vis» i Pakistan. Seinare i grunngjevinga heiter det at dei har gifta seg «ved en muslimsk seremoni». Fleirtalet meiner også at refleksjonen rundt det å gje avkall på islam ikkje er tilstrekkeleg.

Etter avslaget miste Mosavi den faste jobben som formann ved foredlingsavdelinga hjå Bremnes Seashore. På stove bordet ligg ei stadfesting frå arbeidsgjevaren datert mai i år.

«Med sin kompetanse og sine leiareigenskaper er Ali Mosavi ein viktig ressurs for oss», skriv fabrikksjef Vidar Helvik.

- I avslaget står det at du gifta deg i ein «muslimsk seremoni». Kvifor gjorde du det?

- Det var den einaste sjansen eg hadde å gifte meg i Pakistan. Vi var ikkje i moské, men i eit privat hus der eg signerte på eit papir. Dokumentet gjekk vidare til konsulatet, seier Mosavi.

(Vårt Land 28.08.2012) 

Ingen kommentarer: