lørdag 20. august 2011

Kva hadde Garborg sagt?

Eskil Skjeldal, stipendiat ved Menighetsfakultetet, har lese Arne Garborg etter 22.juli (Klassekampen 18.august):

Det er umogeleg å tippe kor Garborg hadde posisjonert seg i norsk politikk og samfunnsliv i dag, der religion er tilbake som ein politisk faktor. Men eitt er eg sikker på: Konspirasjonsteoriane til Hallgrim Berg, Chr. Tybring-Gjedde, Kent Andersen, Hege Storhaug, Fjordmannen og brørne Anfindsen hadde han gjennomskoda. Alle lengtar dei etter ein kristen monokultur som for lengst har vorte historie. Alle har dei lefla med ein ideologi som er laga for å vekkje angst. FrP har som politisk parti tent godt på framandfrykta, og turar av garde om «norske verdiar» og «snikislamisering».

Ingen kommentarer: