tirsdag 21. juli 2009

10 år siden urbanismen ble avlivet

Mye godt stoff dypt i arkivene, nå litt saksing fra historikeren Nils Rune Langelands essay i Dagbladet oktober 1999:


Den nye Oslo-tonen

Å vere urbanist på vegne av Oslo er det same som å vere norsk nasjonalist. I dei populære indre bydelane er det ein postmoderne landsbyidyll som er idealet.

URBAN, DETTE UFORDØYELEGE ORDET med den raspeballetunge a-en gjallar ut frå medie-minaretane på den vesle eigne planeten Oslo. Urban, urban, urban ... og alle smiler så Thomas-Giertsen-delirisk når dei gulpar fram urban, så kjem det ikkje noko meir. Augo tindrar i barnsleg lukke, men blikket flakkar. Jo, det er noe med cafear, cappuccino ... og sånn. Noe med London, Milano, New York, noe som skjer langt borte, men som likevel er her, mystisk, tilgjengeleg for dei innvidde, ein «feeling», liksom. Skjønnar ...?

Nei, eg forstår ikkje ordet urban. Etter den tiende koppen med kaffi og mjølk er eg berre kvalm. Eg er jo berre ein enkel nordmann.

Historia sin ironi plasserer til og med det etterindustrielle hjerneproletariatet på dei same stadene i byen, langs Akerselva og i dei indre austlege bydelane. Kristiania på 1890-talet er som eit muntert gjenferd vi dumpar borti på kvart eit gatehjørne i Oslo ved slutten av 1990-åra. Da som no var det boom og mangel på krypinn, men den gongen blei det bygd nytt og ekspandert. I dag skjer det ein innoverretta ekspansjon. Som ein slags estetiserande kreftsvulst rettar pengemakt og individualisme sine åtak på dei indre delane av industribyen Oslo. Seinfeldkloningar og triggerhappy einslege marknadskrigarar erobrar byen tilbake som småborgarleg residensby.

Det oppskrytte «utelivet» er jo ofte ikkje anna enn ei busstoppklynge klint opp mot ein bardisk. For når alle vaktar sine små sjølv, som var dei kronjuvelar, blir det ikkje så mange møter i natta. Industrisamfunnet sitt rå, uvørne mannsmot er det ikkje mykje igjen av i residensbyen sitt nyvictorianske selskapsliv. Å vere urban er ei fattig trøyst.

Er 1990-talsurbanisten berre bystorsnuten si evige mobbing av innvandraren? Vi har jo reflekterte urbanistar i dag. Å vere urban er populært. Det er ein slags kompetanse, høyrer vi. Den urbane er friare, mindre fordomsfull, vant til å takle og forstå alle slags forskjellar mellom menneske, fleksibel, veit kva som rører seg i den store verda osv. osv. Kort sagt: den urbane har full kontroll.

HAUGESUND OG ÅLESUND er dei mest urbane byane i Noreg. I desse reint økonomiske byane bryr ein seg korkje om kultur eller forsking. Dei er også så små og sosialt kronglete at dei produserer ei mengd aparte individualistar - som så reiser bort. Psykologisk sett er dei eigentleg rustne Holberg-komediar på tomgang. Oslo, derimot, er så til dei grader norsk hovudstad. Oslo sin veg mot storbyen starta i 1814 og held fram i dag. Det er her det nye Noreg blei til.
Det nye no er at det er enda større einskap mellom det norske og Oslo enn tidlegare, sjølv om urbanistane vil hevde det motsette. Dei andre byane er berre byar som eksisterte dels før og dels uavhengig av bygginga av den norske nasjonalstaten. Å vere urbanist på vegne av Oslo er eigentleg det same som å vere norsk nasjonalist.

I dei populære indre bydelane er det jo ein slags postmoderne landsbyidyll som er idealet. Det viser seg at dei som meiner dei lever ein urban livsstil ikkje har bil, men helst går til fots, og at dei heller sjeldan rører seg utanfor sitt lokale område som er i gangavstand frå der dei bur. Deira besteforeldre frå bygdene ville nikke gjenkjennande til eit slikt liv.

2 kommentarer:

KEE sa...

Tøv. Besteforeldra deres dro fra bygda og reiste i trampfart til australia. De pakka med seg unger, eller dro fra kone og unger og skaffa seg nye i Finnmark, langt langt unna Solør...
Folk før i tida hadde gjerne svært så mye videre horisonter enn det vi har inntrykk av i dag. Og desidert større enn de vi tror våre samtidige har, sånn innerst inne.

Konrad sa...

Det får du diskutere med Langeland.